Gloppen Halvmaraton

Praktisk arrangementinformasjon

Kontaktperson for arrangementet

Dagfinn Nyhammer
41227968
 

Sted:  Sandane

Startdato: 02.10.2021 kl 13:00
Påmeldingsfrist: 01.10.2021 kl 20:00





GLOPPEN HALVMARATON -    NM-løype i 2022;  KOM OG TEST DEN!

Laurdag 2. oktober kl 14.00 går startskotet på Gloppen Halvmaraton. Rekorddeltaking, med nesten 200 løparar i fjor. Vi reknar med at rykta om gode tider i ei kontrollmålt løype har nådd mange, og at det difor vert rekordmange også i år.  

NM Halvmaraton 2022 skal  gå i denne trasseen, kom og test den ut!

Reknar du med ei sluttid på i overkant av 2 timar, kan du starte 60 minutt før hovudfeltet.  

Toalett og garderobar er i Trivselshallen, og er opne fram til kl 17.00.

Kvart år vert det sett mange årsbeste-tider og personlege rekordar, og det kan bli mange nye gode tider i år.

Starten er i Sandane Sentrum (ved Idrettsplassen), og løypa går på FV615 langs Gloppefjorden, forbi Rygg, som ein passerer etter 7 km.  I og med at løypa går langs fjorden, er den rimeleg flat. Det høgste punktet er 18 m over havet, lågaste 2 m. 

Dersom koronareglane framleis gjeld: Det kan max vere med 200 på eit arrangement, inkludert medfølgjande personar. Vi kjem difor til å setje eit tak på  190 løparar. 

STARTPENGAR innan ordinær frist 22. sept:  kr. 300,-. 

SISTE: PÅMELDINGSFRISTEN ER UTSETT TIL 26. SEPT. KL 23:59.

Gloppen Halvmaraton: Arrangøren har fine premiar å by på, mellom anna overnatting med 3-rettarsmiddag for to på Gloppen Hotell! Premie til klassevinnarane.  Også premiering  på uttrakte startnummer.

Påmelding finn de her: https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=335582#init , nederst på sida de får opp.

VELKOMNE TIL SANDANE, OG GLOPPEN HALVMARATON!

Facebookside: https://www.facebook.com/groups/1776846652560731/ 

Meir stoff om arrangementet her:  http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton


Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.