Sleirsfjellet Opp

Praktisk arrangementinformasjon

Kontaktperson for arrangementet

Elisabeth Sleire
47318980
 

Sted:  Sleire

Startdato: 04.06.2016 kl 09:00
Påmeldingsfrist: 01.06.2016 kl 18:00

TEKNISK SUPPORT

Trenger du hjelp med registrering eller påmelding?

+ 47 23 27 35 00

(hverdager fra 9-17)

support@deltager.no

(hverdager fra 8-22)

Sleirsfjellet Opp vert arrangert for 8 gong og me håpar du tek turen til Sleire og Masfjorden.

Motbakkeløpet er for alle - om du vil delta i konkurranseklasse eller trimklasse. Vinnarsjansene er store - uansett kva klasse du melder deg på i!

Alle som melder seg på får årets t-skjorte i flott farge med "Sleirsfjellet Opp"- logo og alle sponsorane på. Dette er ein T-skjorte av god kvalitet, som alltid er populære deltakargåve.

Hovudpremien er Nok 5000.- som vert uttrekt på startnummer blant alle deltakarane, vidare vert det og i år,  mange gåvepremiar takka vere våre gode sponsorar og samarbeidspartnare.

Om du ynskjer å følgje løpet frå grendahuset med ein god kopp kaffi og ei svele, kan du det. Der vert mykje godt å få kjøpt på kafeen som 8.klasse ved Nordbygda Skule har regien for.

Me er heldige å ha med oss TK- Tor Kåre Nilsen som speaker og Leif Sleire på "pianokrakken" - dei underheldt, heldt oss oppdatert og informert før -under og etter, år etter år!

I løpet av dagen deltek elevar frå Masfjorden kulturskulen med song og musikk.

Etter målgang på Sleirsfjellet får du banan og drikke om du vil ha. Går du i trimklassen, er det lurt å ha med litt drikke undervegs og gjerne litt frukt el niste.

Me ynskjer at born under 11 år går saman med vaksne - dette med bakgrunn i sikkerheit.

Skriv deg gjerne i boka til fjelltrimmen ( raud postkasse) og ynskjer du å delta i årets fjelltrim kan du kjøpe fjelltrimkart hjå SPAR Hosteland.

Med vanleg gangfart bruker du 1 god time til toppen, med born gjerne litt lengre tid. Går du i trimklassen må du starte før kl 11.15 - dette avdi konkurranseklassen startar 12.00 og dei bør ha mest mogleg fri løype oppover. Er du på veg ned frå toppen, går du ut av løypa/stien når løpare er på veg opp!

Halvvegs er der drikkestasjon- den er der mest for konkurranseklassen. like nedanfor drikkestasjon er spurtpris  ( 500.- til første kvinne/mann over streken)

Der er elles vakter i løypa med gule vestar og sanitetpersonell er med under arrangementet i løypa og ved grendahuset. Der er radiosamband på toppen, ved start og undervegs i løypa.

I konkurranseklassen er der manuell tidtaking, noko som fungerar særs godt år etter år- der dyktige funksjonærar heldt kontroll på tidene, rapporterer ned "live" til speakertenesta ved grendahuset og heldt spenninga oppe.

Påmelding frå kl.09.15 ved grendahuset. Her finn du og wc og enkel garderobe. Treng du dusj er det mogleg på klubbhuset ved Nordbygda Sentralidrettsanlegg.

Parkering på tilviste plassar- kun dei med særskilte behov får køyre til grendahuset og parkere- dette for å unngå trafikk og inn/utkøyring ved startområdet der små og store trimføtter ferdast!

Ynskjer du å kjøpe ei t-skjorte frå eit av dei tidlegare åra- kan du det i sekreteriatet på grendahuset. Der finn du og resultatlister etterkvart som dei er klare, saman  med bilete frå tidlegare arrangement.

Premieutdeling og trekking av hovedpremie, samt gåvepremiar vert ved grendahuset etter løpet ca kl. 14.30

Beste skuleklasse i Masfjorden ( høgast prosentvis deltaking) får heile 2000.- til klassekassen

Mer informasjon finnes på våre nettsider www.risnesil.no

Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.