KM Terrengløp på Sandane, i lysløypa i Åsen.
Søndag 15. april, kl 15. Påmelding seinast ein time før start. Klassar frå 13 år t.o.m. veteran
Løpet er også løp nr. 2 i Nordfjordkarusellen
Barneløp (mini-terrengløp) i forkant av KM-distansane, start kl 14.00
Innbydinga:
15/4 2018: KM Terrengløp/ 2. runde i Nordfjordkarusellen
Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane. Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.
Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.
Dato og tidspunkt: Søndag 15. april. Hovudstart er kl 15.00. Det vert eit miniløp for born før KM-distansane.
Klassar og distansar:
v G/J 13 og 14 år: 600 m
v G/J 15 og 16 år: 1200 m
v G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m
v Menn sen/vet: 3600 m
Påmelding: Helst på førehand, innan fredag, på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net . Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift. Sjå elles her: http://mosjon.friidrett.no/. Elektronisk påmelding ligg open til laurdag kveld.
Startpengar:
* 13-14 år: kr. 60,-
* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fredag kl 23:59: kr. 30,- i tillegg).
Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 130,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)
* Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917
Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa. Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen), der ein får nytte garderobar og toalett.
KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse, og uttrekking av gåvekort i Nordfjordkarusellen.