Gloppen Halvmaraton

Praktisk arrangementinformasjon

Kontaktperson for arrangementet

Dagfinn Nyhammer
41227968
 

Sted:  Sandane

Startdato: 06.10.2018 kl 14:00
Påmeldingsfrist: 05.10.2018 kl 22:30

TEKNISK SUPPORT

Trenger du hjelp med registrering eller påmelding?

+ 47 23 27 35 00

(hverdager fra 9-17)

support@deltager.no

(hverdager fra 8-22)

Laurdag 6. oktober kl 14.00 går startskotet på Gloppen Halvmaraton.  Vi håpar og trur på god deltaking også i år, sidan vi reknar med at rykta om gode tider i ei kontrollmålt løype har nådd fleire.

Er det nokon som ønskjer å starte ein 30 minutt før hovudfeltet, er det opna for det.  Kan vere aktuelt for dei som reknar med at dei vil nytte i overkant av to timar på turen. 

Garderobane er i Trivselshallen, dei er opne fram til kl 17.00.


I fjor vart det sett mange årsbeste tider og personlege rekordar, og er vi heldige med veret, kan det bli nye gode tider i år.

Starten er i Sandane Sentrum (ved Idrettsplassen), og løypa går på RV615 langs Gloppefjorden, forbi Rygg, som ein passerer etter 7 km.  I og med at løypa går langs fjorden er den rimeleg flat, der høgste punktet er 12-15 m over havet. 

Også i år:  TRIMKLASSE, DISTANSE 10 KM.  START VED IDRETTSPLASSEN KL 13.30, VENDEPUNKT 400 m FORBI KYRKJA PÅ ARNESTAD.   PÅMELDING FØR KL 13.00.

Arrangøren har fine premiar å by på, mellom anna overnatting med 3-rettarsmiddag for to på Gloppen Hotell! Elles er det mellom premiane kortreiste produkt frå Gloppen (fruktkassar, bærprodukt, kjøttprodukt, m.m.) og andre fine ting. Medalje til alle som fullfører!

Påmelding finn de her: https://mosjon.friidrett.no/pa...  

Påmeldingslinken er open fram til kl 21.00 fredag kveld.  

VELKOMNE TIL SANDANE, OG GLOPPEN HALVMARATON!

Facebookside:  https://www.facebook.com/group...

Meir stoff om arrangementet her: http://www.fjellhugvereide.no/...

Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.