Svinestranda Opp, NorgesCup-status

Praktisk arrangementinformasjon

Kontaktperson for arrangementet

Dagfinn Nyhammer
41227968
 

Sted:  Sandane Sentrum

Startdato: 20.06.2020 kl 12:00
Påmeldingsfrist: 16.06.2020 kl 12:00



Fjellhug/Vereide IL inviterer til Svinestranda Opp 2020.

I år er Svinestranda Opp 1. løp i NorgesCupen - bli med frå starten av!


Arr.dato: Laurdag 20. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.

Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er er ca 7 km lang.

Informasjon på heimesida: http://www.fjellhugvereide.no/p/8037/svinestranda-opp 

Praktisk info:

· Svinestranda er i år 1. løpet i NFIF sin motbakkekarusell, med NorgesCup-status. 

· Konkurranseklassen: Det er ikkje krav til min.vekt på ryggsekk i år. Men for å få starte, må deltakarane vise ryggsekk som inneheld: Vindjakke, bukse, tørr super, hue, hanskar, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen, og det blir gitt tillegg i tid om utstyr manglar. Stikkprøvekontroll på toppen, med 5 min.tilleggstid  om ikkje sekken har rett innhald).

- Startkontingent: kr. 300,-/100,- (Hovudløp/3-km)

· Startkontingent etterpåmelde: kr. 400,-for hovudløpet.  

- Startpengar elles: Kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.

- Eingongslisensen er kr. 40,- i dette løpet.

· Påmeldingsfrist: Tirsdag 16. juni. Etter påmeldingsfrist: kr 100,- i tillegg for konkurranseklassane

· Kontonummer: 3705.33.01917

· Start 14 år (f. 1996) og yngre er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00   Distanse 3 km.

· NB! Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30    Hovudstarten elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum

· Mosjonistar har tre alternativ: a) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen, b) starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen, eller c) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.

· Premieutdeling ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen. NB: Ein premie på kr. 1000,- skal trekkast til slutt mellom løparar, mosjonistar og funksjonærar.  For å få premien, må vinnaren vere til stades under trekkinga.

· Før start: Klede vert bringa frå startområdet til Austrheimsstøylen.  Etter løpet/premieutdelinga  Det vert køyrt bilar frå Austrheimsstøylen til sentrum

· PREMIERING:

-  kr. 4000 til vinnar i dame- og herreklassen

-  kr. 1000 til nr. 2

-  kr. 500 til nr. 3

-  kr 500 til nr. 4

-  Pengepremie for ny løyperekord

-  Premie til klassevinnarane. Det vert også trekking av pengepremiar og fine gevinstar på startnummer. Det gjeld både for konkurranse- og mosjons-klassen.

· Påmeldingsfrist elektronisk: Tirsdag 16. juni kl 23.59 - , via nettet . Påmeldingar manuelt startdagen (seinast ein time før start) mot tilleggsavgift kr. 200,-. Hugs årslisens, eller eingongslisens (kr. 40,-)

· Kontaktperson: Dagfinn Nyhammer 412 27 968

Påmelding: fyll ut skjema (sjå linken), og trykk send!


Fjellhug/Vereide il

Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.