
GLOPPEN HALVMARATON (NM-løype i 2022) - KOM OG TEST DEN!
Laurdag 3. oktober kl 14.00 går startskotet på Gloppen Halvmaraton. Vi håpar og trur på god deltaking også i år, sidan vi reknar med at rykta om gode tider i ei kontrollmålt løype har nådd mange. NM Halvmaraton 2022 skal også gå i denne trasseen.
Berekna suttid på 2 timar eller mei startar 60 minutt før hovudfeltet.
Koronareglane tilseier at vi ikkje kan nytte dusj og garderobar, men toaletta er i Trivselshallen, og er opne fram til kl 17.00.
Kvart år vert det sett mange årsbeste-tider og personlege rekordar, og kan det bli mange nye gode tider i år.
Starten er i Sandane Sentrum (ved Idrettsplassen), og løypa går på FV615 langs Gloppefjorden, forbi Rygg, som ein passerer etter 7 km. I og med at løypa går langs fjorden er den rimeleg flat, der høgste punktet er 18 m over havet, lågaste 2 m.
Korona-reglement: Løparane vert delt i heat, med max 25 løparar i kvart heat. Det vert 1 minutt mellom kvart heat. Dei antatt beste startar først (difor ber vi om å få oppgjeve årsbeste/fjorårsbeste). Det blir sett fram handvask (Antibac), og elles oppfordrar vi deltakarane å ta omsyn til dei etterkvart velkjende smittevernreglane, og holde seg til 1m-avstanden. TA SMITTEVERNREGLANE PÅ ALVOR, DET ER TIL FELLES BESTE! SJÅ NÆRARE OM ARRANGEMENTSREGLAR PÅ HEIMESIDA http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton
Det kan max vere med 200 på eit arrangement, inkludert medfølgjande personar. Vi kjem difor til å setje eit tak på 160 løparar.
Startpengar: Halvmaraton kr. 300,-. Absolutt påmeldingsfrist er onsdag 30/9 kl 20.00, eller når det er fullt. SISTE: Arrangementet er fullteikna
Gloppen Halvmaraton: Arrangøren har fine premiar å by på, mellom anna overnatting med 3-rettarsmiddag for to på Gloppen Hotell! Premie til klassevinnarane. Også premiering uttrakt på startnummer.
Påmelding finn de her: https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=302766#init
VELKOMNE TIL SANDANE, OG GLOPPEN HALVMARATON!
Facebookside: https://www.facebook.com/groups/1776846652560731/
Meir stoff om arrangementet her: http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton